Signaturmenyen vår på Brimi sæter - eit populært måltid!
i 2026 tilbyr vi Skråpå-tå fast fredag og laurdagar vår- og haustsesong, og kvar kveld sommarsesong. Obs: Vår og haust har vi plass til fleire gjestar enn ein kan booke her. Er det fullt her i bookinga, så send ein forespørsel via nettsida. Kanskje vi likevel har plass!
*Nytt angående skråpå-tå menyen for 2026: *
Vi startar kvelden kl 18.00, ute om fint vær. Her vil dykk kunne få kjøpt noko godt i glaset å få høyre gode historiar, musikkinnslag og kulturformidling i sitt rette element, av vertskapet. Etterpå går vi opp på låven for å nyte kveldens skråpå-tå meny. Anbefalar alle og få med seg denne halvtimen for maks oppleving av kvelden!
Dette ligg inne som reservert booking.
👉 Dykk betalar mat og drikke på setra. (Ingenting blir trekt frå kort ved reservasjon her inne)
********
Pris kr 945 per voksen
2-5 år Kr 235,-
6-12 år Kr 470,-
Barn kan velja om dei ynskjer skråpå-tå eller ein 2 retters barnemeny.
Pris er lik. Skriv anntall barn, alder og kva for mat barna ynskjer ved bestilling med barn i notatfeltet.
Bordsetting/ Oppmøte på setertunet: kl 18.00.
Reservasjonen er bindande. Avbestillingsreglar gjeld. Ved for sein beskjed om avbestilling, vil bestillar bli belasta med prisen på menyen for anntall voksne/ barn reservasjonen gjeld.
Er dykk ei større gruppe, og ynskjer anna kveld vår og haust, ta kontakt på epost.
Interessert i å få med deg ein halvtime med Huldernatt etter middagen? Sjekk ut anna pakke her i Låverestauranten.