⭐HULDERNATT– musikalsk førestilling etter Skråpå-tå⭐
På nokre utvalde kveldar sommaren 2026 kan du oppleve noko heilt spesielt etter middagen på Brimi Sæter. Når kvelden fell på og lyset legg seg over Tesse og Nordsætrene, inviterer vi til Huldernatt – ei stemningsfull musikalsk førestilling ute ved setra.
Tre lokale folkemusikarar, med røter i seterlivet og studiar ved Ole Bull Akademiet på Voss, tek deg med inn i ei verd av lokal folkemusikk, song, fele, trekkspel og dans. Gjennom musikk og små forteljingar blir historia om budeiene, sæterlivet og dei underjordiske levande – inspirert av musikken til mellom andre Hans W. Brimi og tradisjonar frå Lom og Tesse-området.
Førestillinga varer om lag 30 minutt og startar kl. 21.30, rett etter Skråpå-tå-middagen.
Dette er ei oppleving som set ein ekstra magisk slutt på kvelden på setra.
✨ Ved å reservere plass på 4- retters inkl Huldernatt, vil du få ei maks oppleving av kvelden på Brimi sæter.
Sjekk ut bookingkalenderen for å sjå kva for kveldar vi har Huldernatt i 2026.
🧀Signaturmenyen vår på Brimi sæter - eit populært måltid!🧀
i 2026 tilbyr vi Skråpå-tå fast fredag og laurdagar vår- og haustsesong, og kvar kveld sommarsesong.
Obs: Vår og haust har vi plass til fleire gjestar enn ein kan booke her. Er det fullt her i bookinga, så send ein forespørsel via nettsida. Kanskje vi likevel har plass!
Har dykk ynskje om å besøke oss andre kveldar enn når vi har Skråpå-tå inkl Huldernatt? Sjekk ut anna pakke i Låverestauranten.
*Nytt angående skråpå-tå menyen for 2026: *
Vi startar kvelden kl 18.00, ute om fint vær. Her vil dykk kunne få kjøpt noko godt i glaset å få høyre gode historiar, musikkinnslag og kulturformidling i sitt rette element, av vertskapet. Etterpå går vi opp på låven for å nyte kveldens skråpå-tå meny. Anbefalar alle og få med seg denne halvtimen for maks oppleving av kvelden!
👉 Dykk betalar mat og drikke på setra. (Ingenting blir trekt frå kort ved reservasjon her inne)
********
Pris kr 1145 per voksen
👉 Bordsetting/ Oppmøte på setertunet: kl 18.00.
Reservasjonen er bindande. Avbestillingsreglar gjeld. Ved for sein beskjed om avbestilling, vil bestillar bli belasta med prisen på menyen for anntall voksne/ barn reservasjonen gjeld.